Hopp til hovedinnhold

Hospitering ved Firda vgs for 9. trinn

Elevar samla på skuleplassen

17. og 18. mars er det hospitering ved Firda vgs for 9. trinn

Kjære 9.klassing!

 

Du er hjarteleg velkomen til å hospitere ved Firda vgs måndag og tysdag 17.-18. mars!

Gjennom desse dagane vil vi gje deg eit innblikk i kvardagen i dei ulike utdanningstilboda våre. Vil du besøkje idrettsfag, dans eller drama, tek du med treningskle og får vere med i praktiske øvingar. På musikk tek du med instrumentet ditt (viss det er berbart), og vil du besøkje studiespesialisering må du ha på kle du kan vere ute i.

Vi startar dagen kl 10.15 og avsluttar kl 14.30.

Vi gler oss til å ta i mot deg og vise kva tilbod vi har på Firda vgs. For plassane på studiespesialisering gjeld nærskulepoengordninga, men siste åra har alle som har søkt fått tilbod om plass. For idrettsfag, musikk, dans og drama gjeld ikkje nærskulepoeng. Her stiller alle likt!

Måndag ettermiddag er du velkomen til Open skule der vi har ulike aktivitetar som du kan vere med på. Vi har biljard og bordtennis, mange ulike spel og mogelegheit for å vere med å klatre. Vi har og pleidd å få til morgonbading i Trivselsbadet.

Du som har veldig lang reiseveg, vil få tilbod om overnatting på skulen. I den samanheng serverer vi middag måndag ettermiddag og frukost tysdag.

Vi ser fram til å møte deg!

Her finn du program for dei ulike utdanningstilboda våre:

Program musikk

Program drama

Program dans

Program idrett

Program studiespesialiserande