Hopp til hovedinnhold

Open skule

Open skule - er der for deg

Open Skule er eit tilbod til elevane både på dagtid og eit fritidstilbod om kveldane. Opningstida vår dette skuleåret er måndag, tysdag og onsdag kl. 17.00 - 21.00. På dagtid er lokala opne, slik at du kan slappe av, gjere lekser, spele spel eller ete nista di der.

Open Skule har som målsetjing at det skal vera ein stad der elevane skal kome innom for å vere der- utan å måtte delta i aktivitetar eller arrangement utover dette. Elevane kan ta kontakt med miljøkoordinatoren/miljøarbeidaren eller ein av dei andre i styringsgruppa til Open Skule om dei har idear og ynskje om andre aktivitetar/arrangement, så ser vi kva vi får til.

Open skule er elevstyrt i lag med miljørettleiarane våre. Miljørettleiarane går på hybelbesøk og er elevane sin støttespelar i kvardagen. Open Skule blir mykje brukt av hybelbuarane, men er like mykje eit tilbod til fastbuande elevar og ungdom mellom 16-20 år og også lærlingar i Gloppen Kommune. Alle er like hjarteleg velkomen.

  • Opa kantine (heimelaga mat)
  • Spesielle arrangement som opningskveld, nissefest (som regel ilag med 3MUA), valentinesmiddag mm.
  • Kokkekamp
  • Leksehjelp (Etter innspel frå elevar)
  • Konsertar
  • Kort,og mange brettspel
  • TV,dvd, cd spelar
  • Dansematter, singstar, gitar hero og xbox 360
  • Biljard
  • Bordtennis
  • Sjakk-klubb
  • Innebandy
  • Tilgang til vaskemaskin
  • Strikkeklubb

Innimellom har vi quiz-kveldar eller ulike kurs, som matkurs, danse-, male-,og gitarkurs, evt etter ynskje.

 

Du kan lese meir om Open skule på Facebook

Open skule på Norge rundt

I januar kom Norge Rundt på besøk til Firda og Open skule. Dei ville lage eit innslag frå Open skule som du kan sjå her: Innslag frå Norge Rundt 2014. Firda var basen i heile programmet, så det kjem små innslag frå Firda og Open skule gjennom heile programmet.