Firda vidaregåande – meir enn ein skule
Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Skulen har 342 elevplassar og 75 tilsette. I tillegg har vi vel 100 deltakarar på vaksenopplæringa. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte vener, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Gjennom skuleåret har vi mange kjekke arrangement som for eksempel haustfest, nyttårsball, musikal, danse- og dramaframsyningar for å nemne noko.
Open skule
Open skule er eit tilbod til elevane på dagtid og eit fritidstilbod på ettermiddag/kveldstid. Her kan ein spele spel, vere med på aktivitetar, gjere lekser, få seg kvelds/middag nokre gongar i veka, eller berre slappe av og møte vener.Aktuelle saker
11.11.2026
"Ta ordet-konkurransen"
Firdaeleven Daria i vg2 drama har hevda seg på høgt nivå innan taleskriving og taleframføring.

29.10.2026
Dramaframsyninga "Ope for tolking"
Vg3 drama ved Firda vgs står bak denne framsyninga torsdag 19. november kl 19 i vernebygget for Holvikejekta.


