Hopp til hovedinnhold

Idrettsfag

volleyballspel i Trivselshallen

Idrettsfag tilbyr friluftsliv, idrett og fysisk aktivitet på alle nivå. Du lærer mellom anna om kosthald, kroppen sin oppbygnad og treningsleiing. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Likar du å vere i aktivitet og å trene? Då kan idrettslinja passe perfekt for deg. Dagane består av mykje fysisk aktivitet kombinert med fellesfag og idrettsfag. Er du interessert i idrett, eller ynskjer å skaffe deg god kunnskap om anatomi, helse og trening, er idrettslinja midt i blinken for deg.

Idrettslinja gir deg generell studiekompetanse, som er inngangsnøkkelen til vidare studier på universitet og høgskular. Du kan gå idrettslinja om du er toppidrettsutøvar og ynskjer å nå langt i idretten din, eller om du berre likar å trene og vere aktiv. Idrettslinja på Firda vgs har gode og lange tradisjonar for å leggje godt til rette for både topp- og breiddeidrett.

Vi legg vekt på å byggje og oppretthalde eit godt læringsmiljø, trivsel og tryggleik for elevane. Her får du vener for livet!

Nærskulepoeng og tilleggspoeng

Nytt av året er at idrettsfag ikkje går inn under nærskuleprinsippet ved inntak. Det betyr at du ikkje treng å tenke på nærskulepoeng om du ønskjer å gå idrettsfag, men kan søkje på lik linje med alle uansett kor du bur i fylket.

Har du idrettsfag som fyrsteønskje kan du og søkje om tilleggspoeng ut ifrå prestasjonar.

Her kan du lese meir om nærskulepoeng og tilleggspoeng 

Spissa skule for toppidrett

Firda vgs har fått status som spissa skule for toppidrett, og samarbeider tett med Olympiatoppen Vest for å gje toppidrettsutøvarar eit best mogleg tilbod der ein kombinerer skulegang og toppidrettssatsing. 

Utøvarar som satsar målretta og langsiktig for å nå eit internasjonalt toppnivå kan søkje om tilrettelagt toppidrettssatsing og oppfølging frå Olympiatoppen Vest. 

Her kan du lese meir om Spissa skule for toppidrett

Bilde av elevar som spelar landhockey

Faga på idrettslinja

Idrettslinja gir deg studiekompetanse, som er nøkkelen til høgare studier på universitet og høgskuler, samtidig som du kan dyrke idrettsinteressa di. Her finn du meir informasjon om faga på idrettslinja.