Hopp til hovedinnhold

Helsearbeidarfaget - Modulstrukturert opplæring for vaksne

Nettskuletilbodet er eit samarbeid mellom Nettskulen Vestland og Firda vidaregåande skule. Målet med nettskulen er å legge til rette for fleksibel opplæring for vaksne, uansett kor ein bur i fylket.

Opplæringa vil hovudsakeleg vere nettbasert, men du må også rekne med nokre fysiske samlingar i løpet av skuleåret. Kan hende du alt er i eit relevant arbeid, og kan nytte dette som ein del av opplæringa? Dersom du ikkje er i arbeid, vil det vere behov for opplæring i relevant bedrift.

Modulstrukturert opplæring for vaksne

Det vert nye læreplanar for vaksne gjeldande frå 01.08.24. Det er 5 modular som skal vere bestått for å kunne ta eksamen og deretter ta fagbrev.   

Modul 1: Norsk og samfunnskunnskap
Modul 2: Profesjonalitet i helsearbeiderfaget 
Modul 3: Livskvalitet og helsekompetanse 
Modul 4: Grunnleggande sjukepleie 
Modul 5: Rehabilitering, habilitering og kvardagsdagsmestring 

Vurdering i modulane er Godkjent/Ikkje godkjent. 

Modellen er ein vekslingsmodell, der kandidatane vekslar mellom å vere på skule eller i praksis i ei relevant lærebedrift. (t.d. sjukeheim eller institusjon) og det er eit tilbod fordelt på 5 dagar i veka i veksling mellom teori og praksis. 

Les meir om modulstrukturert opplæring for vaksne her

Meir søkelys på praktisk arbeid og livssituasjon i vaksenopplæringa