Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Kvifor velje studiespesialisering?
Studiespesialiserande utdanningsprogram legg eit solid grunnlag for vidare studier på universitet og høgskule, både i Noreg og i utlandet. Her på Firda har ein bore fram mang ein person som har markert seg, både på Firda, i lokalsamfunnet og på landsbasis. No er det din tur til å sette dine spor. Firda vgs skal gje deg grunnlaget for å utnytte potensialet ditt.
Utdanningsprogrammet gjev det breiaste grunnlaget for vidare studier ved høgskular og universitet. Alt etter kva programområde og programfag du vel, kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og programfag.
Generell studiekompetanse gjev grunnlag for opptak til dei fleste studier ved høgskular og universitet. For opptak til visse studium som t.d. lege, tannlege, veterinær eller ingeniør er det spesielle krav, med fordjuping i matematikk og/eller andre realfag.
Les meir om generell studiekompetanse og spesielle krav Samordna opptak.