Hopp til hovedinnhold

Firda vgs har tradisjon for å ha eit stort fellesprosjekt for vg3-elevane frå musikk, dans og drama. Dei siste åra har dette vore musikal. Under kan du sjå omtale og video frå ulike oppsetningane.

Moulin Rouge (2018)

Året er 1899. Ein fattig, ung forfattar ved namn Christian kjem til Paris for å ta del i den bohemske revolusjonen og leve ut draumen som forfattar. Men det er det bohemske undergrunnsmiljøet som lokkar, og då særleg nattklubben Moulin Rouge, sjølve høgborga for bohemsk råskap.

På Moulin Rouge møtast både fattige og rike menn for å bli underhaldt av vakre kvinner gjennom dans, akrobatikk, sirkus og show. Showets stjerne og «diamant» er kurtisanen Satine, som sjarmerer både menn og kvinner med si utstråling og vakre stemmeprakt. Og som så mange andre menn blir Christian heilt bergtatt av Satine. Satine på si side blir svært fascinert av den unge forfattaren, men bak dei glamourøse kulissene på Moulin Rouge lurer ei mørk sannheit. Nattklubben er på konkursens rand, og eigaren Harriet Zidler ser ingen annan utveg enn å inngå ei avtale med sjølve storkaksen i Paris «Hertugen». Men for å redde Moulin Rouge har «Hertugen» eitt svært kontroversielt vilkår; han skal ha kurtisanen og showets stjerne, Satine som si kvinne. Dette er opptrappinga til eit trekantdrama i kulissene på Moulin Rouge, der Satine og Christian må kjempe mot alle odds for å kunne vere saman.

Musikal Moulin Rouge.jpg

Footloose (2024)

Musikalen «Footloose» byggjer på filmen med same namn frå 1984. Manuset til musikalen er ved Dean Pitchford og Walter Bobbie. Musikken er ved Tom Snow, Eric Carmen, Sammy Hagar, Kenny Loggins og Jim Steinman. I musikalen møter vi Ren som flyttar frå storbyen Chicago til småbyen Bomont I Iowa, saman med mor si. 
Denne byen er som småbyar flest, men ein ting gjer den annleis og det er eit sett med lover og reglar som mellom anna forbyr dansing. Dette er det bystyret og den lokale predikanten pastor Shaw Moore som har funne på, for å skaffe seg kontroll over småbyens ungdommar og verne dei mot alle farar ungdomstida måtte bringe med seg. Dottera til predikanten, Ariel forelskar seg i Ren, og kjærasten hennar prøver å sverte Ren sitt rykte. Dette fører til at mange av småbyens innbyggarar trur det verste om den nye guten. Ren prøver etter kvart å gjere noko med desse strenge reglane, og får med seg dei andre ungdommane på High school. Dei prøver å overtyde bystyret med pastor Shaw Moore i spissen, om å la dei få lov til å arrangere ein dansefest på skulen. Korleis dette endar skal vi ikkje røpe… men årsaka 
til dei strenge reglane kjem etter kvart fram.