Hopp til hovedinnhold

Råd og utval

Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter ny opplæringslov, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning.

Elevane er representert i:

I tillegg kan elevane engasjere seg i frivillige komitear som:

  • Haustfestkomiteen
  • Operasjon dagsverk
  • Russestyret
     

Elevmedverknad

Elevmedverknad er eit viktig prinsipp i opplæringa, og skulen skal førebu elevane på å delta i demokratiske avgjerdsprosessar og stimulere til samfunnsengasjement. Elevmedverknad inneber deltaking i avgjerder som gjeld læring, både for kvar einskild og for gruppa.

§ 10-2.Elevane sin rett til medverknad

Elevane har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning.

§ 10-4.Skoledemokratiet

Skolen skal sørgje for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.

Skolen skal leggje til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal også hjelpe elevane i arbeidet med skoledemokratiet.