Heile musikk-, dans- og dramalinja ved Firda vidaregåande kjem saman for å lage denne musikalen, og dyktige elevar frå heile Sogn og Fjordane er i aksjon for å skape nok ei god musikaloppleving ved Firda. For musikk- dans- og dramalinja er musikalen i år ei ekstra feiring av at vi framleis får ha desse linjene samla på skulen og i fylket, og for dei opplevingane og magien denne tverrfaglegheita skaper.
Det er ei glede å igjen få invitere publikum til musikalforestilling på Firda vidaregåande skule.
Musikalen som vert sett opp i år er "Urinetown – the musical" av Mark Hollmann og Greg Kotis.
“Urinetown – the musical” er ein satirisk komedie. Musikalen vart fyrst framført i 2001 og har sidan vorte ein kultklassikar. Handlinga går føre seg i ei dystopisk framtid der ei alvorleg tørke har ført til streng regulering av vatn. For å kontrollere vatnforbruket har myndigheitene innført avgifter på alle offentlege toalett, noko som gjer det veldig vanskeleg for dei fattige å betale for å bruke dei. Dei som bryt lova og urinerer utan å betale, vert sendt til den mystiske og frykta staden “Urinetown”. Musikalen er kjend for sin mørke humor og satiriske blikk på politikk, kapitalisme og miljøspørsmål. Korleis opprøret endar og kva som eigentleg skjer i “Urinetown” skal vi ikkje røpe her, men musikalen byr på mange overraskingar, artige augneblinkar og ikkje minst mange musikalske høgdepunkt.