Hopp til hovedinnhold

Firdafestivalen 2025

Banneret til Firdefestivalen med fargerik bakgrunn

Musikk/dans/drama inviterar til 4 ulike framsyningar i perioden 25. -29. april 2025. Det vert både konsert, dans og teater.

Du kan kjøpe festivalpass til alle 4 framsyningane her

Drama

Boksen - teaterframsyning med dramalina tysdag 29. april kl 18.

Vi menneske er ofte komfortable med å setje oss sjølve og andre i avgrensa boksar. 

Det er både ryddig og enkelt. Men kva om boksane er for tronge? Kva om vi vil ut av A4-livet? Kva om boksen har ei innside der vi gøymer  oss og ei utside vi viser fram? Kva når ingen boksar passar? Kva då? Desse tankane og mange andre vil du møte i framsyninga vår.

Klasse 1drama og 2drama har gått saman om å skape framsyninga «Boksen». Dette har vore ein såkalla devised prosess, dvs. at vi  saman har skapt framsyninga ut frå ein felles idé. Og utgangspunktet for ideen vår var rett og slett ordet «boks».

Vi håper stykket vårt vil skape både undring og erkjenning hos deg som publikummar. Kom til dramasalen og møt «boksen»! Framsyninga varer omlag 30 minutt.

Billettar til Boksen finn du her

Dans

SPOR - danseframsyning med danselina tysdag 29. april kl 19.

Kva spor legg vi igjen etter oss, anten bevisst eller ubevisst, og ofte utan at vi ynskjer det? 
Er sporlaus ferdsel mogleg?
I danseframsyninga SPOR vert spørsmål som dette kroppsleggjort. Kvar og ein ber vi med oss individuelle spor, og våre minner. I samspel med kvarandre og aleine undersøker dansarane korleis liva deira set avtrykk på ulike måtar. 

Billettar til Spor finn du her

Drama

PEER -teaterframsyning i dramasalen 29. april kl 20.15

Peer Gynt. Han er seg sjølv nok, han. Eller er han eigentleg det? Han er ein keisar! Eller ein gjøk? «Gå utanom», seier Bøygen. Ver deg sjølv nok, seier Dovregubben. Kvifor ikkje gå rett fram? Peer går aldri rett fram. Peer er ein idiot som lyg og unngår konfrontasjonar. Knappestøyparen meiner han må støypast om, då han ikkje har levd livet bra nok. Kvifor ventar Solveig på Peer eit heilt liv? Som reiser verda rundt og har ein lausunge med ei grønkledd ei. Er Solveig genuint god eller berre naiv? Kanskje ventar ho, fordi ho er den siste biten han manglar: den siste delen som kan gjere han heil. Kjem han heim til ho til slutt?
3. klasse drama har jobba i faget Teater og rørsle med å kombinere tekst og fysisk ekspressivitet. Dei har laga ein intens speedversjon av Peer Gynt, med fokus på å gjere det kort og godt, fullt og heilt.
Håpar du kjem å for å sjå Ibsen sitt nasjonalverk- Firdaversion! Ei energibombe med både «i auget lått» og «i halsen gråt».
Varigheit: rundt 30 minutt.

Det er gratis inngong til teaterframsyninga Peer. 

Musikk

KRAFT - konsert med musikklina fredag 25. april kl 18 i kultursalen.

Musikklina presenterer elevane i solo og ensembler i ulike sjangrar. Musikklinekoret med alle elevane er med. Vi kan love eit variert musikalsk program med heile musikklina på scena, og KRAFT som eit tema for kvelden.

Billettar til Kraft finn du her