Skulematundersøkinga er ei spørreundersøking som vert gjennomført på vidaregåande skular i Vestland i veke 9, 10 og 11. Spørsmåla handlar blant anna om mat- og måltidsvanar, trivsel, helse, konsentrasjon, læring, deg og familien din. Det vil ta ca. 10 minutt å besvare spørreskjemaet.
Kven står bak undersøkinga?
Undersøkinga er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet. Spørreundersøkinga vert gjennomført ved videregåande skuler i Vestland, Østfold og Buskerud.
Kvifor vert undersøkinga gjennomført
Vestland fylkeskommune vil bruke resultatet fra undersøkinga i planlegging- og evalueringsarbeid av gratis skulemåltid. Resultata vil òg bli benytta i forsknings- og utviklingsprosjekt, der målet er å framskaffe ny kunnskap om skulemåltidet i Norge.
Om deltakinga, personvern og anonymitet
Ved å svare på undersøkinga hjelper du oss i planlegginga og evalueringsarbeidet av et gratis måltid. Vidare er dine svar eit viktig bidrag til forskning om mat og måltid i skulen.
Spørreundersøkinga er anonym. Det betyr at det ikkje er mogleg å identifisere enkeltpersonar ut frå dei svara som vert gitt. Det er frivillig å svare på undersøkinga og du avgjer sjølv om du ynskjer å svare. Svarar du, har du gitt samtykke til å delta. Dersom du ikkje vil delta, kan du la vere å svare. Dersom du ombestemmer deg underveis i utspørringa, lar du vere å sende inn skjemaet. Etter at skjemaet er levert, kan ikkje svara trekkast tilbake fordi dei er levert anonymt og ikkje kan sporast tilbake til enkeltpersonar, heller ikkje via indirekte opplysningar eller skjulte elektroniske spor som IP-adresse.
Ved spørsmål kontakt:
Fylkeskommunen v/
Tonje Kirkebøen-Slettemo: Tonje.Kirkeboen-Slettemo@vlfk.no
Folkehelseinstituttet v/
Prosjektkoordinator Annlaug Selstø: annlaug.selsto@fhi.no
Prosjektleder Arnfinn Helleve: Arnfinn.Helleve@fhi.no