Vi ønskjer at du som elev skal ha det bra, både i timane, i friminutta og på kveldstid. Vi har difor eit breitt tilbod av tenester til deg.
Elevtenestene på Firda vgs består blant anna av:
- Rådgjevar
- Miljørettleiar
- Open skule
- Draumeskulen og elevmentorar
- Kantina
- Biblioteket
- Hybelinfo
- Leksehjelp
Føremålet med elevtenestene er å støtte og hjelpe elevane i alt frå skulearbeid til trivsel og livsmeistring. Elevtenestene har også fokus på å skape eit godt og inkluderande skulemiljø og bidrar med ulike aktivitetar og arrangement på dag- og kveldstid.
I tillegg samarbeidar skulen med
- Helsesjukepleiarane på skulen
- Gloppen psykiske helseteam
- Ungdomslosen
- Rettleiingstenesta
- Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
- Oppfølgingstenesta (OT)
Ta kontakt med dei som jobbar i elevtenestene viss du treng støtte og hjelp i kvardagen.
Studiekafé
Ein dag i veka blir det studiekafé i A-bygget kl 17-19.
Gratis suppe frå ca kl. 16.30 for dei som skal på studiekafé.
Her kan elevar komme å diskutere og løyse faglege utfordringar i lag. Har du ein presentasjon som skal framførast, kan du få prøve den ut her. Her kjem til å vere vg3-elevar som kan tenkje høgt i lag med deg. I tillegg er her ein vaksen som gjerne engasjerer seg i dine spørsmål.
Rådgjevarane våre
Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Bestill tid hos ein av rådgjevarane våre.
Open skule
Open skule er eit aktivitetstilbod etter skuletid. Skulen er open på kveldstid frå kl. 17-21 tre kvelder i veka frå måndag til onsdag. Her kan du slappe av, møte venner, gjere lekser, ete, klatre, spele biljard og mykje meir.
Treng du hybel?
Vi har kontakt med fleire som leiger ut hybel nær skulen og kan hjelpe deg med å få kontakt med dei. Er dette av interesse, eller har du spørsmål, kan du ta kontakt med resepsjonen.
Noko å ete?
Har du det litt for travelt om morgonen slik at du ikkje rekk å ete frukost eller lage niste? Då er det bra at vi har ei kantine med stort utval av både mat og drikke. Om morgonen frå kl. 08.00-08.30 serverer vi havregraut som gratis skulefrukost.
Biblioteket
Gloppen bibliotek ligg rett ved kantina og delar lokaler med Firda vgs i Trivselshagen skule- og kulturbygg. Her kan du låne gratis læremiddel, i tillegg til at biblioteket har eit stort utval av bøker, magasin, filmar og lydbøker. På biblioteket kan du få hjelp til å finne bøker eller berre sitte og lese.