Har du lyst å starte ungdomsbedrift?
Frampeik
Har du ein god forretningsidé? Då må du gripe denne unike mulegheita til å lære om bedriftsetablering! Møt opp på informasjonsmøte i aulaen tysdag 7. september kl. 12.00. Servering av bollar og brus!
2010.09.03 av Kristine Aaberg Ruud [Les meir...]
Helsesøster/helsestasjon for ungdom
Helsesøster_helsestasjon
Er det noko du lurer på? Treng du nokon å snakke med? Då kan du snakke med helsesøster eller gå på helsestasjonen for ungdom. Informasjon om ulike tenester finn du i menyen til venstre under Elevar > Helse- og sosialtenester.
2010.09.02 av Kristine Aaberg Ruud [Les meir...]
Skuleinformasjon 2010-2011
Firdabilde
Informasjonsheftet om Firda vidaregåande skule 2010-2011 inneheld all informasjon ein treng som elev eller foreldre/føresette. Du finn heftet i menyen i venstre kant under >Informasjonshefte.
2010.09.01 av Kristine Aaberg Ruud [Les meir...]
Studiekompetanse eller fagbrev?
Studiekompetanse eller fagbrev
Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne, frå og med det året du fyller 25 år.Tilbodet fører fram til fagbrev eller studiekompetanse som kvalifiserer til opptak på høgskular eller universitet.
2010.09.01 av Kristine Aaberg Ruud [Les meir...]
Hugs å søkje om stipend - alle med ungdomsrett får!
husk_stipend
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.
2010.08.23 av Kristine Aaberg Ruud [Les meir...]
Open skule tysdag
openskule-kaker
Tysdag 24. august kl. 18.00 vert det ”Open skule” i Aulaen. Det vert program av elevar, litt informasjon og Quiz. Det vert aktivitetar som innebandy, biljard, bordtennis, brettspel og mykje meir. Og ikkje minst: Det vert servert gratis sveler med noko attåt. Du er hjarteleg velkomen!
2010.08.23 av Kristine Aaberg Ruud [Les meir...]
Informasjon om kartleggingsprøver
Kartleggingsprøve
Informasjon til føresette og elevar om obligatoriske kartleggingsprøver i rekning og lesing for vg1. Det skal gjennomførast to obligatoriske kartleggingsprøver for alle elevane på vg1 hausten 2010.
2010.08.20 av Kristine Aaberg Ruud [Les meir...]
Impulskonferanse på Nordfjordeid
Impulskonferanse
23. og 24. september vert det impulskonferanse ved Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid. Temaet er "Bruk av digitale hjelpemiddel i skulen". Målgruppa for konferansen er lærarar og skuleleiarar i den vidaregåande skulen.
2010.08.19 av Kristine Aaberg Ruud [Les meir...]
Vil du spele handball?
hanball-ghk
Er du handballspelar og skal flytte til Sandane eller har du lyst å starte på igjen? Då er du velkomen til Gloppen Handballklubb. Ta kontakt med trenar for det laget du vil spele på eller leiar for påmelding. Klikk "Les meir ..." og klikk deg vidare til Gloppen Handballklubb sine nettsider, der finn du meir informasjon.
2010.08.12 av Kristine Aaberge Ruud [Les meir...]
Handbok i karriererettleiing
karrierehandbok-140
”Den gode samtalen” er viktig for arbeidet med å styrke utdannings- og yrkesrådgiving i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Handboka er utarbeidd for kontaktlærarar, rådgjevarar og instruktørar i lærebedriftene for å styrke arbeidet med karriererettleiing for elevar, læringar og lærekandidatar i Sogn og Fjordane. Ved skulestart i år vil vi ha ekstra fokus på overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule, og alle kontaktlærarar i vidaregåande skule vert oppfordra til å nytta malen for mottakssamtalen i handboka.
2010.08.12 av Kristine Aaberge Ruud [Les meir...]
Velkomen til skulestart
Skulestart
Måndag 16. august er det tid for skulestart på Firda vgs.

Elevane møter i kultursalen i Trivselshagen til desse tidene:
Klokka 0830: Elevar som skal inn på vg1
Klokka 1200: Elevar som skal inn på vg2 og vg3
I kultursalen vil det verte velkomst og kort informasjon før klassene går til sine klasserom.

Lærarar møter onsdag 11. august til tre dagar planlegging før elevane møter. For program trykk «les meir» til høgre.

2010.08.12 av Geir Skagen [Les meir...]
Søk utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!
stipend
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet. Klikk deg vidare på [Les meir ...] og finn ut når du kan søkje, kvar du kan søkje og korleis du får pengane.
2010.06.13 av Gunnar Nygjerd [Les meir...]
Leiarutdanning startar hausten 2010
leiarutd
Det var stor søknad til skuleleiarutdanninga og 23 søkjarar får i desse dagar melding om at dei har fått plass på studiet. Av desse er om lag 75% kvinner. Skuleleiarutdanninga er eit av rekrutteringstiltaka til Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
2010.06.02 av Gunnar Nygjerd [Les meir...]
Sommaropning på biblioteket frå 1. juni
bibliotek-140
Biblioteket er ope heile sommaren. Opningstida frå 1. juni til 15. august er: Måndag 12-17, Tysdag 10-15, Onsdag 10-15, Fredag 10-13. Lærebøker kan leverast inn frå 10. juni. Biblioteket held ope for innlevering av lærebøker også torsdagane 10. og 17. juni.
2010.06.01 av Gunnar Nygjerd [Les meir...]
SYKLE-TIL-JOBBEN-AKSJONEN er halvvegs
sykletiljobben
17 spreke Firda- kollegaer deltek på årets aksjon for å setje fokus på den førebyggjande helsegevinsten som fysisk trening gir. Samtidig er det å tilhøyre eit lag ein positiv miljøfaktor på arbeidsplassen. No er vi komne halvvegs og i gjennomsnitt har kvar av oss trena (ikkje berre sykling tel) vel 60 min kvar dag i 4 veker. Vi har ikkje akkurat tid til overs i denne travle eksamenstida, men jammen merkar vi at trening gir overskot. I kveld skal laget samlast til fellestur i Breim.
2010.06.01 av Gunnar Nygjerd [Les meir...]
Hybelbrosjyre
Hybelbuar
Bur du på hybel eller har du planar om å flytte på hybel? Då bør du lese hybelbrosjyra som fylkeskommunen har laga. Du finn den i menyen i venstre kant på sida under Elevar > Hybelbrosjyre. Der finn du informasjon om kva rettar og plikter du har som hybelbuar, om depositum og kontraktar.
2010.05.27 av Gunnar Nygjerd [Les meir...]
Firda i handball NM for vgs
Firdahandball-140
Firda sine gutar gjorde ein god prestasjon under NM i handball for vgs i Drammen 12. og 13. mai. Dei møtte Drammen, Lørenskog, Atlanten og Tertnes. Det vart tap mot Lørenskog og Tertnes og siger over Atlanten og Drammen. Drammen har vunne guteklassa dei fire siste åra, og det var stort å slå dei 20-18. Firda vart nr. 3 i pulja og kom ikkje til kvartfinalen. Men gutane viste svært godt spel i dei kampane dei vann, og også i periodar i dei kampane dei tapte. Dei representerte Firda på ein framifrå måte både på og utanfor bana. Vi gratulerer med flott innsats!
2010.05.18 av Gunnar Nygjerd [Les meir...]
Firdarussen 1947 i Nostalgia
Firdaruss-1950-140
I radioprogrammet "Nostalgia" på P1 var der 16. mai eit nesten fem minutt langt innslag med russen på Firda i 1947. Der helsar dei og fortel om Firda og russefeiringa for riksdekkande radio. Vi får høyre om russedåp, hybelliv, middagsservering og om skulen. Innslaget er innanonnsert av programleiar Liv Rønneberg, som ikkje kan vere heilt lokalkjent. Klikk "Les meir ..." for å høyre innslaget.
2010.05.18 av Gunnar Nygjerd [Les meir...]
Ingen prisar, men ein lærerik tur
Frampeik UB
Det vart ingen prisar på 2MK og Frampeik UB då dei var på NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm sist i april. Men elevar og lærarar hang ikkje med hovudet av den grunn, og meinte det hadde vore ein inspirerande og lærerik tur.
2010.05.10 av Geir Skagen [Les meir...]
1IDA var med å arrangere Friidrettens dag tysdag 4.mai
I går var 1IDA i aksjon på Sandane Stadion, som instruktørar på Friidrettens dag. Dette har vorte eit årleg føretak, der alle elevane ved Nordstranda skule (1.– 7. klasse) får prøve seg i både løp, hopp og kastøving.

2010.05.10 av Geir Skagen [Les meir...]
Google
Viktige tidsfristar
Søknad vigo.no: 1. mars (særskilt 1.februar)
Privatistar: 1. februar/15. september
Samordna opptak: 15.april
School information in other languages

Flagg norsk

Flagg engelsk

Flagg tysk

Flagg fransk

Flagg italiensk

Flagg spansk

Firdalogo