Firda vidaregåande – meir enn ein skule
Firda vgs ligg på Sandane i Gloppen kommune. Vi har 342 elevar og 60 tilsette. Vi er kjent som ein hybelskule der ca 50% av elevane bur på hybel. På ettermiddag/kveldstid har vi Open skule som er eit aktivitetstilbod til alle våre elevar. Her kan du gjere lekser, møte venner, kjøpe billeg middag, vere med på klatring og ete gratis kvelds. Her møter du våre miljøkoordinatorar, som er med på å skape trygge gode rammer for elevane.
Velkomen som elev ved Firda vidaregåande skule!
Her kan lese litt om fyrste skuledag ved Firda vgs, litt om skulekvardagen, utstyrsstipend, pc-ordning og skuleskyss.
Open skule på Firda vgs
Open skule er eit tilbod til elevane både på dagtid, samt 3 kveldar i veka: kvar måndag, tysdag og onsdag kl 17-21. Her kan du gjere lekser, spele spel eller slappe av. Nokre kveldar kan du òg få deg middag her.Aktuelle saker
15.10.2025
Elevundersøkinga 2025
Elevundersøkinga 2025 vert gjennomført her på skulen i oktober/november.
