SYKLE-TIL-JOBBEN-AKSJONEN er halvvegs
17 spreke Firda- kollegaer deltek på årets aksjon for å setje fokus på den førebyggjande helsegevinsten som fysisk trening gir. Samtidig er det å tilhøyre eit lag ein positiv miljøfaktor på arbeidsplassen. No er vi komne halvvegs og i gjennomsnitt har kvar av oss trena (ikkje berre sykling tel) vel 60 min kvar dag i 4 veker. Vi har ikkje akkurat tid til overs i denne travle eksamenstida, men jammen merkar vi at trening gir overskot. I kveld skal laget samlast til fellestur i Breim.


Les meir om Sykle til jobben.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo