Lang og spennande dag for 3. idrett
3. klasse på idrettslina fekk ein innhaldsrik, spennande og ikkje minst lang skuledag sist torsdag. Etter å starte dagen med to teoritimar og to treningstimar, kasta dei seg i bussen i matpausen for å reise til Breim. Hjortejakt stod på programmet. På ei 800 meter langline, med 30 meter mellom kvar, gjekk dei i eit to-timars hjortejag i skogen. To av medelevane sat på post saman med fleire hjortejegerar, og hadde 2 kronhjortar på skothald. Og kva skjedde så?? Klikk på "les meir ...."

På internkommunikasjonen til Knut Førde vart dei nekta å skyte desse dyra, pga. kvoteordninga. Knut serverte ei eminent hjortegryte etter sjølve jakta. I tillegg til å smake godt, tilførte det også god varme til sveitte kroppar.

hjortejag-3id
Ei glad idrettsline er ferdig med hjortejaget. Bak tidlegare elev og hjortejeger Anders Ommedal. 
Framme t.h . sjefsorganisator Knut Førde (Foto: Magnus Willumsen)

Knut hadde budd seg for å ta i mot elevane, og hadde ei hjortekolle liggande klar for flåing. Luftrøyret og lungene vart teke ut og prøvekøyrd av Martin Akse. Du verden kor store lungene er når dei vert blesne opp ! Sjølve hjertet vart teke ut, og både forkammer og hjartekammer vart inspisert saman med blodårer både inn og ut av hjertet. Ulike deler vart inspisert av klassa, til og med livmora vart konstantert å vere med ein gryande hjortekalv. Hjortemelk vart også pumpa ut, og iflg. elevane smakte dette litt salt, men "fullt på høgde med det besten leverer frå Tine meieri" sa André Njøsen etter smakinga.

Hjorte-hjarte 
Tjukk vegg i hjartekammeret betyr stor slagkraft, og blodet går ut i kroppen. Dette hjartet vart skore opp, 
steikt, og servert på nattåpen hall seinare på kvelden (Foto: Magnus Willumsen)

Forfrosne elevar i 11 minusgrader kunne så sette seg på ein varm buss, og gjere seg klar for neste oppdrag for dagen.

 
Nattåpen Firdahall

Etter heimearbeid med steiking av pizza, baking av kaker, smørjing av baguettar, og julemusikk i vestibylen, var elevane klar i Firdahallen for nattåpen hall.

openhall-1
Mange elevar samla til rusfritt arrangement i Firdahallen torsdagskvelden før juleferien.
(Foto: Magnus Willumsen)

Etter opning med gang og sang rundt juletreet var stemninga sett for turnering i kanonball og fotball oppe i salen. Eit perfekt tidsskjema for heile 42 lag var sett opp. Omlag 200 elevar var deltakarar eller publikum i dei neste timane, som var fyllte med aktivitet i alle salar i Firdahallen frå kl. 20.30 til 00.30. Eit ungdomsskulelag kunne juble etter å slå ut 2. idrett av kanonball-turneringa, lærarlaget vart slege ut etter straffesparkkonkurranse i semfinalen i fotball.

3. idrett gjekk sjølve av med turneringssiger i båbe kanonball og i fotball. "Vi burde ha lete 9. klassingane slå oss i kanonball", sa ein av dei etterpå. - Dei var "øsne" som gjekk så langt, men dersom dei hadde vunne, ville dei ha hugsa det resten av livet. - Vi har fått god trening i å arrangere, vi har forhindra mange hybelfestar, og vi har heilt sikkert rekruttert mange ungdomsskuleelevar til framtidige Firdaelevar. - Dei likar godt å få konkurrere mot oss på heilt like vilkår, oppsummerte Nina Oppheim etter premieutdelinga.- Og så har vi eit flott overskot til klassekassa, la ho til.

openhall-julenisse
Også julenissen var med i Firdahallen. Anders Klungre er lukkeleg vinnar av julepresang. 
Nissefar og nissemor hadde 4 reinsdyr til å dra sleden. (Foto: Magnus Willumsen)

Etter rydding, mopping, vasking, og klokka viste 02.15, var dei fleste ivrige etter å kome seg i seng.

- Vi skal no på skulen i morgon, stønna Eskil Kleppaker. Dagen etter kunne vaktmeister gje beskjed om at dette er den reinaste og ryddigaste morgonen i Firdahallen i heile haust. Godt arbeid 3. idrett!

Tekst og foto: Magnus Willumsen



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo