Olav Åsteson sovnar julekvelden og vaknar først trettandedagen (6. Januar). Under søvnen har han ein visjon. I draumen reiser Olav til den andre verda, over Gjallarbrua og ned i helvetet. Her står det store oppgjeret mellom Grutte Gråskjegg (djevelen) og Sankte Såle-Mikkjel (erkeengelen Mikael). Når Olav vaknar reiser han til kyrkja og fortel kva han har drøymt.
Dette er kort fortalt innhaldet i ”Draumkvedet”, ei vise som truleg stammar frå sein middelalder. Visa har inspirert mange kunstnarar, mellom anna komponisten Ludvig Nielsen. Søndag 7. februar kl. 19.00 vert hans oratorium ”Draumkvedet” framført i Gimmestad kyrkje med kor, musikarar og elevar frå andre klasse på dramalina. Tekstane frå Draumkvedet er her satt saman med tekster frå Bibelen og salmer. Dramaelevane skal framføre tekstene i ein enkel dramatisering, som saman med musikk og song tek oss med på reisa til Olav Åsteson.
Velkomen til ein stemningsfull kveld!
