Orientering om høgare utdanning 20. januar
Onsdag 20. januar vert det orientering om høgare utdanning/studieorientering for elevar i 3. klasse heile dagen. Alle elevar i 3. klassane møter direkte i Aulaen kl. 08.30. Fram til lunch vil forsvaret, høgskular, universitet og nokre andre informere om sine tilbod. Etter lunch kan ein gå rundt på stands til dei ulike utdanningsinstitusjonane. Klikk på "les meir ..." for programmet for dagen.
PROGRAM
STUDIEORIENTERING 20. JAN 2010
FIRDA VIDAREGÅANDE SKULE, SANDANE
FELLES ORIENTERINGAR I AULAEN
08.30 – 08.35: Velkomen
08.40 – 09.20: Studiestart Bergen( LÅNEKASSA, ANSA-utdanning i utlandet,
Norges Kreative Fagskole og folkehøyskolene)
09.25 – 09.35: Universitet i Stavanger (UiS)
09.40 – 10.10: Høgskulen i Sogn og Fjordane
10.10 – 10.25: Pause
10.25 – 11.00: Høgskulen i Møre og Romsdal, Molde, Ålesund, Volda
11.00 – 11.10: Forsvaret
11.10 – 11.20: BI - Bergen
11.20 – 11.30: NAV
11.30 – 12.30: MATPAUSE
12.30 – 15.00: STANDS I AULAEN. I tillegg til dei som har presentert seg i plenum, vil også Gloppen lensmannskontor ha stand med orientering om politiutdanning.
NB1:
Studiestart Bergen har ikkje stand, men orientering på klasseromma nærast aulaen, C101, C102 og C103. Det blir hengt opp plan med tidspunkt for dei ulike orienteringane/fagområda på døra til romma.
NB2:
Elevane møter direkte i aulaen denne dagen.
Det kan vere lurt å ta med skrivesaker, IKKJE PC.
VEL MØTT!
Turid Korterud
Rådgjevar
415 30 882