Gloppen Scene tilbake på Gloppen Hotell!
Gloppen Scene vil frå torsdag 11. mars vere attende i kjellaren på Gloppen Hotell. Det set arrangørane stor pris på. Lokalet her er godt eigna til den typen konsertar Gloppen Scene står for. Denne gongen blir det besøk av saksofonisten Olav Dale, saman med Geir Rognø (el-bass) og Arild Seim (gitar). Desse musikarane er på turne i Den Kulturelle Skulesekken i Sogn og Fjordane, så konserten er i samarbeid med denne. Den er og støtta økonomisk av Vestnorsk Jazzsenter.

Olav Dale er kjent som jazzmusikar, men spelar og andre former for rytmisk musikk. Han har vore sentral i Bergens musikkliv i mange år, arbeidd både med korps, storband og andre store og små orkester. Dale har medverka på mange plater og turnert i omtrent heile landet, både i regi av Rikskonsertane og Den Kulturelle Skulesekken. Han har og vore her i Gloppen i skulesekkregi.
Etter konserten blir det musikk-quiz v/ Fjæra Bluesklubb. Desse quiz’ane brukar å vere populære, medlemmene i bluesklubben er flinke til å lage quiz som treffer publikum.
Som kjent er Gloppen Scene eit rusfritt altenativ, der ein ønskjer å gje tilbod til ungdommar frå 10. klasse til vel 20 år.

Andre som har lyst til å høyre god musikkk, er og velkomne.

GS-plakat-110310


Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo