Fleirkulturell møtestad i Trivselshagen
Besøkstenesta i Røde Kors Gloppen prøver å få til ein fleirkulturell møtestad i Trivselshagen. Det bur i dag både born, ungdom og vaksne frå mange nasjonar her i Gloppen, og føremålet med desse treffa er at vi skal bli betre kjende med kvarandre og hjelpe dei til rette slik at dei kjenner seg velkomne her i kommunen. Det vert prat, spel, musikk og enkel servering. Spesielt er det ønskjeleg at unge stiller opp og vert betre kjende med dei nye glopparane.


Møtestad vert altså i Trivselshagen annakvar onsdag kl. 18 - 20, første gong onsdag 7. april.

Billett kr. 20 for vaksne og kr. 10 for barn for å dekke kostnadene med serveringa.

Treng du skyss kan du kontakte Elin på telefon  95 83 42 72.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo