Søknadsskjema finn du her. Søknadsfrist 10. januar!
Meir informasjon:
No er det tid for å melde seg på Sogn og Fjordane Ungdomsmusikal si neste satsing; FAME!
Denne gongen er det mykje dans, sang, musikk og drama, i tillegg til eit fantastisk band/orkester.
Du kan søkje på :
Aktørar
Hovudrolle danseelev (dans, drama, song)
Hovudrolle dramaelev (drama, song)
Hovudrolle musikkelev (instrument, drama)
Danseelev i klasse (dans, korsong)
Lærer (drama)
Scenearbeid mm:
Sufflør
Sminke
Rekvisitør
Inspisient
Tilrettelegging scene
Scenearbeidar under førestillingane og turnè
Orkester:
Alt-, tenor- og sopransax
fløyte
klarinett
trompet
el-gitar
el-bass
slagverk
perkusjon
keybord
Dato for opptaksprøver:
Sandane 29.januar 2010
Sogndal 30.januar 2010
Førde 31.januar 2010
Dato for øvingshelger:
19.-21. mars
7.-9. mai
18.-20. juni
Dato for øvingsveker: 26.-30.juli
2.-5.august
Premiere:
6. august
Turné :
7.-14. august
SØKNADSFRIST: 10. januar 2010!
Om nokre av øvingsdatoane ikkje høver, meld frå om dette ved påmelding, så ser vi om vi kan finne ei løysing!
VIKTIG:
Det er berre dei som melder seg på som aktørar som skal møte til opptaksprøver . Vidare informasjon om opptaksprøvene kjem i løpet av desember.
Musikarar skal sende påmeldingsskjema, men legge ved meir utfyllande informasjon som referanser, relevant erfaring, skulegang, motivasjon osb. Opptak av musikarar skjer på grunnlag av denne informasjonen. Musikarar skal IKKJE møte på opptaksprøver.
Scenearbeidarar skal også sende inn påmelding, og legge vekt på motivasjon og relevant erfaring (evt ønske om å få erfaring). Desse skal heller ikkje møte på opptaksprøver.
Musikalsk leiar: Michael Pavelich
Regissør: Jeff Pedersen
Koreograf: Koreograf frå Dansefeber og So You Think You Can Dance - Scandinavia !
Sjå også Facebook-gruppa FAME the Musical! Meld deg inn her for meir informasjon!
Tidlegare ungdomsmusikalar som har hatt premiere og dratt ut på turné i fylket, er Jesus Christ Superstar og West Side Story. Du som var med på den eine eller begge musikalane er velkommen til å bli med denne gangen også, i tillegg til at vi ønskjer alle nye danse-, sang- og dramaspirer hjartleg velkomne til å søke!
Mvh
Marie Mjåseth
Produksjonsleiar FAME