Helga 12.-14. februar vert det turné i fylket med Verdi sitt storverk, Requiem for solistar, kor og orkester. Det er Opera Nordfjord i samarbeid med Firda Vidaregåande Skule og Ålesund Operakor som står bak oppsetninga. Av storkoret på om lag 120 medlemmer er over halvparten elevar ved Firda vidaregåande skule. Både elevar og musikklærarar gler seg til dette storprosjektet.