Sparebanken Sogn og Fjordane - nattcup
3. klasse på idrettslinja skal arrangere ein ny cup torsdag 18.02. Vi startar 20.45 og reknar med å vere ferdig ca. kl 01.00. Opningsshowet er verkeleg verd å få med seg, så møt opp i god tid. Dette er eit rusfritt arangement for elever frå 3. klasse på vgs til og med 9. klasse på GU. Denne gongen har vi vore så heldige å fått tak i ekstra flotte premiar, blant anna kinobillettar og flotte gåver frå butikkane på Sandane! Det blir også loddtrekningar med endå betre premiar enn det har vore tidlegare! I tillegg er det mykje heider og ære i å vinne denne cupen!

 

Reglane er dei same som har vore på open hall før: 
- De kan melde på lag i både fotball og volleyball, og alle lag må ha eit lagnamn.
- I fotball er det 3 stk på bana i alle kampane unntatt finalen, der er det 5 stk.
- Det skal heile tida vere ei jente på bana.
- I volleyball er det 6 spelarar på bana i alle kampane, ei jente på bana heile tida.
 
Håpar alle møter opp til ein strålande flott kveld med flotte premiar til vinnarane!

sbsf-cup-500



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo