Måndag 15. februar kl. 19.00 vert det ny Firdakveld, denne gongen er det danse-seksjonen som skal presentere tema frå fagfeltet dans. Dansekunst er eit mangfaldig felt, og hos publikum finst det nok mange oppfatningar om dans som kunstuttrykk. Dei to føredragshaldarane – som begge er dansarar og pedagogar -, Cathrine Smith og Judith Karin Bakketun, vil reflektere over kva dansekunst er og vise videodøme frå dansens mangfaldige verd.
Eksempla de får sjå denne kvelden vil spenne vidt, frå klassisk dans til samtidsuttrykk. Nokre stikkord for det som skal visast er ”Tornerose”, Vim van der Keybus og DV8. Altså noko kjent – og kanskje noko meir ukjent, nytt og utfordrande. I alle fall: kvelden er eit fint høve til å bli litt betre kjent med dansekunstens rike og fascinerande verd.
Gratis tilgjenge!

Foto: Mariell Øyre