2. klasse idrett på hjortejakt
Tysdag ettermiddag var 2. idrett på hjortejakt i Knut Førde sitt mykje medieomtalte rike. Opplevingane stod i kø. Etter å ha baska seg gjennom ulendt terreng i fleire timar, vart det flåing og disseksjon av hjort på slakteriet til Knut. Kneleddet sin anatomi vart grundig sjekka, saman med atlas og axis. Det viste seg at nervesystemet i ryggmargen var kopla saman med hjernen, når ein fekk saga av "topplokket" på kraniet. - No kan hovudskallen brukast som godteskål i jula, og ingen av småsyskena vil stele noko, kommenterte Knut.

Hjortesuppe-500
Hjortesuppe smakte godt etter hjorte-jaget

Jakt-1-500
Mats Wie kosar med hjortekalven

Jakt-2-500
Inne i kneet her finn vi synovialvæske, seier Knut Førde og deler kneet

Jakt-3-500
Vegar Henden bryt av ein hjortefot



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo