Firda i handball NM for vgs
Firda sine gutar gjorde ein god prestasjon under NM i handball for vgs i Drammen 12. og 13. mai. Dei møtte Drammen, Lørenskog, Atlanten og Tertnes. Det vart tap mot Lørenskog og Tertnes og siger over Atlanten og Drammen. Drammen har vunne guteklassa dei fire siste åra, og det var stort å slå dei 20-18. Firda vart nr. 3 i pulja og kom ikkje til kvartfinalen. Men gutane viste svært godt spel i dei kampane dei vann, og også i periodar i dei kampane dei tapte. Dei representerte Firda på ein framifrå måte både på og utanfor bana. Vi gratulerer med flott innsats!


Firdahandball-500
Foto: Ragnhild Bakketun Vederhus



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo