1IDA var med å arrangere Friidrettens dag tysdag 4.mai
I går var 1IDA i aksjon på Sandane Stadion, som instruktørar på Friidrettens dag. Dette har vorte eit årleg føretak, der alle elevane ved Nordstranda skule (1.– 7. klasse) får prøve seg i både løp, hopp og kastøving.

Fjellhug Vereide er ansvarleg arrangør for idrettsdagen.

Idrettslinje-elevane var funksjonærar på alle øvingane, og hadde i tillegg ansvar for tre aktivitetsgrupper for dei yngste. Her var det fokus på leik, og ungane såg ut til å stortrivast!

Eit slikt arrangement er fin praksis, og gjev verdifull erfaring i instruksjonsarbeid med born og unge.

Det vanka mange godord i etterkant, både frå elevar, lærarar og arrangøransvarleg. Rett og slett ein kjempeflott dag på stadion.

Sjå opplag på Fjellhug/Vereide si heimeside.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo