Før påske var elevane i 3. klasse drama i praksis i barnehage. Vi har sett gang på gang kor dyktige dramaelevane er. Dei har begeistra oss gjennom førestilling etter førestilling. Men, korleis går det når målgruppa er 4 år gamle gutar? Her følgjer ein kort rapport frå dramaelevane sin praksis i barnehage.
Dramaelevane var delt på fire forskjellige barnehagar og avdelingar: Nordstranda barnehage, Rygg barnehage, Mona barnehage avdeling Raud og avdeling Rødhette.
Dramaelevane fekk i oppdrag å lage fire samlingar for borna, der drama skulle være hovudarbeidsmåten. Dei skulle bruke forteljing, og dei skulle skape opplegg med god dramaturgi og indre samanhang. Dette løyste dei på ein god måte.
Dei tok føre seg forskjellige tema i kvar barnehage. På Rygg barnehage arbeida dei seg systematisk gjennom eventyret «Prinsessa som ingen kunne målbinde». I avdeling Raud i Mona barnehage fann dramaelevane på forteljingar om ein konge som ville lage ein skog og eit hav og forskjellige dyr. Beskjeder og ting frå kongen låg i eit magisk skrin som ungane berre fekk opne ein gong kvar samling. På avdeling Rødhette laga elevane ei forteljing om ein skogkonge som var einsam og sjenert men gjerne ville ha venner. I Nordstranda barnehage fekk borna mystiske flaskeposter frå vår-feen, med oppdrag som dei måtte løyse.
Elevane blei godt mottekne og møtt med ei positiv haldning i barnehagane. Dette samarbeidet er svært verdifullt for skulen, og signala frå barnahagane er at dei og er takknemlege for det våre elevar kan tilby borna.
Les meir om dramaelevane sitt besøk i Nordstranda barnehage her: http://www.nordstrandabarnehage.no/?artID=266&navB=1