Regjeringa og partane i arbeidslivet er einige om ein omfattende tiltakspakke for å få ned sjukefråværet og har avtala ei ny og meir målretta IA-avtale. Hovudmålsetjingane i IA-avtalen vert vidareførte. Målet er å redusere sjukefråværet, tilsetje fleire med redusert funksjonsevne samt å auke den reelle pensjonsalderen.
Vidare er det i den nye avtalen peika på følgjande grep og tiltak:
- Delvis sjukmelding skal som hovudregel nyttast. Arbeidsgjevarane skal legge til rette for at tilsett kan jobbe noko under sjukmelding.
- Sjukmelde skal følgjast opp tettare i samarbeid med arbeidsgjevar, lege og NAV.
- Obligatorisk opplæring og rettleiing av legar i praktisering av gradert sjukmelding.
- Ekstra innsats skal rettast mot bransjar og sektorar med spesielt høgt sjukefråvær.
- Opplæring og rettleiing av arbeidsgjevarar, tillitsvalde og verneombod i IA-arbeid.
- Større vekt på førebygging og HMS-arbeid ved arbeidsplassane.
Om den nye avtalen:
Kommentarar frå ulike mediar: