Firdaelevar på Vestlandsrevyen
Sist torsdag var der eit innslag på Vestlandsrevyen der elevar frå 1IDA og 2IDA deltok. Det var i samband med kappgang-NM som skal arrangerast på Sandane til sommaren, og i det høve var Friidrettsforbundet på plass. Det vart avhelde kurs for både dommarar, trenarar og utøvarar i ein ny sport for dei fleste. Teoriøkt på Firda vgs etterfølgt av ei praktisk økt på stadion. I innslaget vart to idrettselevar intervjua, og elles flotte bilde frå aktiviteten på stadion. Klikk "Les meir ...." for å sjå innslaget.

 

Du kan sjå innslaget på Vestlandsrevyen her: http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/209398 .



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo