Konsert i kultursalen onsdag 13. januar
Musikklina ved Firda videregåande skule samlar fleire av dei mest talentfulle unge musikarane i heile Sogn og Fjordane. Onsdag 13. januar kl. 19.00 presenterer dei eit utval musikk frå den klassiske musikkverda. Det blir eit svært variert program. Solistar, små og store ensemble framfører musikk frå ulike musikkhistoriske epokar, frå barokken til komposisjonar skrivne i vår eiga samtid. Du får høyre verk av mellom andre Bach, Mozart, Chopin, Grieg, Prokofiev og Jan Magne Førde. Det vil svinge mellom stort instrumentalt alvor og vokalt koketteri og sjarme.
Denne klassiske konserten er den tredje delen i ein serie der musikklina presenterer ulike musikksjangrar. I den fyrste konserten framførde elevane ved Firda rytmisk musikk. Den andre konserten var den tradisjonsrike adventskonserten i Vereide kyrkje. Konsertserien som heilskap viser det store mangfaldet av talent og musikalsk interesse som blømer blant dei unge musikarane i Sogn og Fjordane.
Velkomne til ein flott oppleving! Velkomne til Kultursalen i Trivselshagen!
Medverkande:

2. klasse på musikklina

3. klasse på musikklina