Kan du tenkje deg å bli helsefagarbeidar? Som helsefagarbeidar får du ein spennande arbeidsdag med varierte utfordringar og arbeidsoppgåver. Du kan jobbe på sjukehus, sjukeheimar eller innan psykisk helsearbeid. Mange arbeider også i heimetenestene i kommunen eller på andre institusjonar innan helse- og sosialsektoren.
For meir informasjon: http://kampanje.helseogsosialfag.no/index.php?skin=1
Fakta om Helsearbeidarfaget:
§ Løn medan du er lærling (ca. 270 000 fordelt på to år)
§ Over 300 000,- i begynnarløn (med vakttillegg)
§ Fleksibel arbeidstid (du kan ønsje deg ei vaktordning som passar best for deg)
§ Du får jobb (nesten) kvar som helst – og du får ein sikker arbeidsplass
§ Den viktigaste jobben din er å gje andre ein god dag
§ Du får mulegheiter til videreutdanning og kurs
§ Du kan velje mellom mange typar arbeidsplassar
§ Du kjem til å bety mykje for mange – dei du har ansvaret for og for dei pårørande
Slik blir du helsefagarbeidar
For å bli helsefagarbeidar må du søkje helse- og sosialfag på Vg1 og så søkje helsearbeidarfaget på Vg2. Etter to år på skule følgjer to år som lærling med løn. I læretida er du innom fleire arbeidsstadar. Du får solid og variert erfaring som gjer deg godt rusta til arbeidslivet.
Hugs søknadsfristen 1. mars!
