Ingen prisar, men ein lærerik tur
Det vart ingen prisar på 2MK og Frampeik UB då dei var på NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm sist i april. Men elevar og lærarar hang ikkje med hovudet av den grunn, og meinte det hadde vore ein inspirerande og lærerik tur.

Frampeik UB NM
Sigrid Eikeland og Malena Nyland forklarar statsråd Liv Signe Navarsete kva Frampeik UB held på med då ho vitja standen til Frampeik UB. (Foto: Ungt Entreprenørskap)

Turen til Liilestrøm fekk Frampeik då dei vann samlinga for ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane på Nordfjordeid tidlegare år. Dei reiste saman med Fumé UB frå Måløy, som på Lillestrøm tok andreplassen i gastronomiklassen for sitt spesielle fiskeprodukt, røykte delikatesser frå havet.

- Når ein reiser på ei slik samling er det med håp og forventningar om å kanskje få med seg ein pris heim, så litt nedtur var det å ikkje få noko, fortel elevane. Men turen i seg sjølv hadde vore så interessant og hyggeleg at det nedturen verken var stor eller langvarig.

Som førstereisklasse såg dei at det var mykje å lære. Dei som vann kom frå ein skule som hadde vore med i mange år, og som nok visste kva som skulle til.

- Det er mykje erfaring å hente frå ei slik samling, fortel dei.

Frampeik UB stilte i konkurranse med 68 andre ungdomsbedrifter frå heile landet. Nivået var høgt og kreativiteten stor, og 2MK representerte Firda og fylket på ein framifrå måte.



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo