I serien med Firdakveldar, der lærarar ved Firda vgs føreles om tema dei har spesiell kompetanse i, er turen no komen til Runar Tafjord. Han er lærar på Medium og kommunikasjon og prosjektleiar ved det nye mediesenteret som skulen har fått midlar til å utvikle. Tid og stad: Måndag 18. januar kl. 19.00 i kinosalen i Trivselshagen. Gratis tilgjenge.
Denne kvelden er det film og filmforståing som er tema, med innføring i filmatiske grunnelement som kamerabruk, klipping, lyd mm. Film er både kunstart, underhaldningsmedium og ein sentral påverknadsfaktor i samfunnet vårt. Med elementære kunnskapar om verkemiddel i film aukar ein både opplevinga og medvitet om korleis vi vert påverka av levande bilde i det daglege. I skulen er samansette tekstar, som det no heiter, eit viktig emne i alle fag – og aller mest i norskfaget.
Runar Tafjord vil ta oss med på ei reise gjennom filmens fascinerande verd, og vise døme som vi kan drøfte. Det vil også bli ei kort orientering om det nye regionale mediesenteret ved Firda.
Arr: Firda vidaregåande skule