Måndag 1. februar blir det eit nytt fylkeskurs for lærarar i historie, samfunnsfag og religion. Foredragshaldar er som i fjor prof. Bernt Hagtvet. Hagtvet er professor ved Institutt for statsvitenskap, UiO, og er vel kjent i inn-og utland som ein dyktig og kunnskapsrik førelesar. Europeisk politikk, ekstremrørslene si historie og sosiologi og politisk teori er felt han har jobba mykje med.
Førelesinga på måndag konsentrerer seg om ekstremistrørsler i eit historisk perspektiv fram til idag; ho har fått tittelen: "Ekstremistrørsler -historie og samtid".
Program:
0930-1000: Frammøte, registrering (i kinosalen)
1000-1230: Føredrag (med innlagt pause)
1230-1315: Lunsj
1430-1445: Kaffi, frukt
1445-1600: Føredrag
Klokka 1930 same kvelden held Bernt Hagtvet ei opa førelesing i kinosalen om temaet Bjørnstjerne Bjørnson, dei intellektuelle og Dreyfus-saka.
Inngangsbillett kr. 100.