Kjærleikens landskap
Musikk-, dans- og dramaelevar i 3. klasse inviterer til framsyning 15. april i kultursalen i Trivselshagen. Framsyninga har vi kalla Kjærleikens landskap. [Les meir...]

Kjærleikens landskap web

Gjennom musikk, dans og teater vil publikum bli tatt  med på ei reise gjennom kjærleikens ulike fasar. Både kjærleik mellom mann og kvinne, venskap og allmenne mellommenneskelege relasjonar vil verte tolka på ulike måtar.

I spennet mellom  humor og djupt alvor vil tekstane, rørslene og musikken handsame alt frå «love at first sight», forelsking, sjalusi, vonbrot til  brot og sjølvransaking. Framsyninga har ikkje ei gjennomgåande handling, men er meir ein collage av uttrykk og sinnsstemningar.

Tekstane som vert framførte er henta frå diktsamlinga Savage /Love av Sam Sheppard og Joseph Chaikin. Musikken i framsyninga femner om fleire ulike sjangrar som t.d. pop, rock, jazz og klassisk.

Kjøp bilett på bilettluka.no. Billettpris: 150,- / 70,-  inkl. avgift

 

Kjærleikens landskap 1

Foto: Geir Skagen

Kjærleikens landskap 2

Kjærleikens landskap 3

Kjærleikens landskap 3

Kjærleikens landskap 5

Kjærleikens landskap 7

 



Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo