Utdanningsval 15. og 16. mars 2010
Måndag 15. mars 9. klassingar frå Sogn- og Sunnfjordregionen
Tysdag 16. mars 9. klassingar frå Nordfjordregionen
Planane for dei ulike utdanningsprogramma vil de etter kvart finne her på heimesida vår. Det er viktig at desse vert tekne med på skulebesøket.
Vi ønskjer at alle 9. klassingane møter i aulaen på skulen kl.10.00. Her blir det ei kort orientering før dei sluttar seg til dei klassene dei skal vere i.
Hugs
Dei som skal på idrett og dans, drama må ha med seg treningsklede.
Mat
Skulen har kantine som er open heile skuledagen. Her vert det høve for elevane å kjøpe god og billeg mat. Medfølgjande lærarar, som vi reknar med vil vere med rundt i klassene, får servert mat på personalrommet.
Har de spørsmål, ta kontakt med Turid Korterud (Nordfjord) tlf. 57825352/41530882 og Turid Hilde (Sogn/Sunnfjord) tlf. 5782329/41530889.
Vi ønskjer dykk velkomne til Firda vidaregåande skule og håper de får ein nyttig og hyggeleg dag her.