Tele- og videokonferansar
 

Fylkeskommunen har dei siste åra investert i mykje videokonferanseutstyr. Dei fleste skulane i Nordfjord og nokre i Sogn og Sunnfjord har kjøpt videokodekar som deler av Høykom-midlar som er tildelt fylket. Vi har og mange møterom og kontor med moglegheiter for telefonkonferanse. Kombinasjon av endeuststyr (kodek) og konferansesentral (MCU) gjer at vi har svært mange koplingsmoglegheiter. Med teknologien vi har tilgang på kan alt dette utstyret koplast saman til video- og telefonkonferansar eller kombinasjonar av dette.

Fylkeskommunen kan tilby interne brukarar oppkopling av fleirparts tele og videokonferanse. For å ta i bruk desse tenestene kan du ta kontakt sentralbordet på fylkeshuset, eller du kan logge deg inn i systemet og booke sjølv. Dersom du ynskjer tilgang til bookingtenestene kan du ta kontakt med IKT-tenesta i fylkeskommunen.

Firda vidaregåande skule har videokonferansestudio med plass til ca. 15 personar. IP-adressa for vårt studio er 93.94.13.202.

Meir om tele- og videokonferansar og oversikt over studio og IP-adresser.



Videokonferanse
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo