Helse- og sosialtenester

 

Hugs at når du oppsøkjer helse- og sosialtenester må du ha med deg kvitteringslapp som lege, tannlege,  helsesøster eller PPT-tilsett kvitterer på og stadfestar at du har vore der. Dette fråværet vil då ikkje telje med på vitnemålet.

 

Helsesøster ved Firda vidaregåande skule er Margot Gimmestad.
 
Skulehelseteneste
Formålet med skulehelsetenesta er å fremje elevane si totale helse og forebygge sjukdom og skade. 
I dette arbeidet vil helsesøster møte elevar både til einesamtaler og i grupper/klasser.
 
Helsesøster vil ha opa møtetid på kontoret ved skulen kvar måndag og onsdag kl. 08.30 - 12.00
 
Du er velkomen innom!
 
I samarbeid med skulen vil helsesøster og undervise om tema som hybelliv, russefeiring, samliv, prevensjon og korleis ein kan ta vare på si psykiske helse i ein stressa kvardag og i møte med store utfordingar og kriser. (Programmet "Kriser og meistring.")
 
 
Helsestasjon for ungdom
Dette tilbodet er eit supplement til skulehelsetenesta. Her kan ungdom i alderen 13 til 20 år kome for å få hjelp med spørsmål om helse og trivsel.
Stad: Gloppen helsestasjon. (2. etg. i det nye helsesenteret på Grandane, same bygg som Rema 1000.)
Dag og tid: kvar måndag bortsett frå skuleferiar. Frå kl. 13.00, vi stenger kl. 15.45 (15.00 sommartid.)
Fagpersonar: Lege og helsesøster.
Det er ikkje timeavtale og tilbodet er gratis. 
 
Velkomen til helsestasjon for ungdom! 


 

PEDAGOGISK-PSYKOLOGISK TENESTEKONTOR (PPT)
Eit PPT-kontor er ein stad der eleven kan få hjelp i spørsmål som gjeld hans/hennar personlege, sosiale eller skulemessige utvikling. Det er viktig å ta opp problema før dei vert for store, og det er aldri gale å kome tidleg med noko som blir opplevd som vanskeleg.

PPT kan hjelpe deg med:
  • fagvanskar - t.d. lese-/skrive-/språk- eller talevanskar
  • vanskar i samband med funksjonshemmingar     
  • vanskar ved overgang frå ein skule til ein annan
  • vanskar i samband med seksualitet
  • familieproblem
  • konfliktar - t.d. forhold til lærar/medelevar
  • vanskar med hybellivet
  • mistrivsel/angst/depresjonar/mobbing/søvnvanskar/matvanskar/rusproblem osv.
Fagpersonalet ved kontoret har teieplikt. Det vil seie at det du fortel ikkje blir fortalt vidare, med mindre du gir løyve til det. PP-tenesta har mange målgrupper og mangfaldige oppgåver.
I tillegg til barn/unge/vaksne med ulike hjelpebehov må arbeidet også omfatte oppgåver i forhold til
  • foreldre/føresette
  • skulen som organisasjon
  • den einskilde lærar
  • gruppe/klasse
  • skuleadministrasjon
I mange tilfelle vil oppgåvene også omfatte arbeid i høve til fritidsmiljø og bumiljø og samarbeid med helse-/sosial-/kultur-etaten.
I vidaregåande skule er rådgjevarane ein viktig samarbeidspart.

PPT held til i Sørstrandsvegen 31 og har telefon nr. 57 86 57 41.


LEGEATTEST TIL ELEVAR
Etter møte mellom skulen og kommunelegen er det semje om at elevane har krav på legeattest i følgjande tilfelle:
  • ved langtidssjukdom, dvs sjukdom i 2 veker eller meir. Kronisk sjukdom treng ikkje vere samanhengande for å kome inn under denne regelen.
  • ved sjukdom under eksamen
  • når eleven har sjukdom som krev tilrettelegging av prøver, eksamen og undervisning – til dømes allergi. Slike attestar må innehalde grunngjeving/dokumentasjon av sjukdom og kva tiltak som krevst.

 

 


MargotGimmestad
Helsesøster Margot Gimmestad
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo