Vidaregåande opplæring for vaksne

Vil-Bli-logo

Har du rett til vidaregåande opplæring for vaksne?
  • Frå 01.08.2008 har vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, etter søknad rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25 år.
  • Retten gjeld òg deg som er innvandrar med opphaldsløyve, og som ikkje har fullført tilsvarande vidaregåande opplæring i heimlandet.
  • Dersom du er vaksen og teken inn til vidaregåande opplæring, har du rett til å fullføre opplæringsløpet (fullføringsrett). Det gjeld anten du har vaksenrett eller ikkje.

Kva har du rett på?
  • Vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.
  • Du har rett på opplæring som er på dei vaksne sine premissar.
  • Du har rett på ei opplæring som byggjer vidare på eigen kunnskap og røynsle.
Realkompetanse – kva er det? 
Realkompetanse er den kompetansen vaksne har opparbeidd seg gjennom formell opplæring og gjennom å delta i arbeidsliv og samfunnsliv, ved kurs, bedriftsintern opplæring o.l.  Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for fag i vidaregåande opplæring. Ei vurdering av realkompetanse er likeverdig med ein standpunktkarakter.
 
Kva kan vi hjelpe deg med?
  • Informasjon om vaksenopplæring
  • Vurdering av tidlegare utdanning.
  • Utfylling av søknad om opplæring
  • Utfylling av søknad om realkompetansevurdering
 
Kven betaler?
  • Opplæringa er gratis.
  • Læremiddel er gratis etter tilsvarande retningslinjer som for elevar (gjeld alle frå hausten 2009).
  • Realkompetansevurdering er gratis for vaksne med rett.
  • Du kan søkje Statens lånekasse for utdanning om støtte.
 

For meir informasjon sjå heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune

 
 
 


Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo