|
Kva har du rett på?
- Vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.
- Du har rett på opplæring som er på dei vaksne sine premissar.
- Du har rett på ei opplæring som byggjer vidare på eigen kunnskap og røynsle.
|
|
Realkompetanse – kva er det?
Realkompetanse er den kompetansen vaksne har opparbeidd seg gjennom formell opplæring og gjennom å delta i arbeidsliv og samfunnsliv, ved kurs, bedriftsintern opplæring o.l. Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for fag i vidaregåande opplæring. Ei vurdering av realkompetanse er likeverdig med ein standpunktkarakter.
|
|
Kva kan vi hjelpe deg med?
- Informasjon om vaksenopplæring
- Vurdering av tidlegare utdanning.
- Utfylling av søknad om opplæring
- Utfylling av søknad om realkompetansevurdering
|
|
Kven betaler?
- Opplæringa er gratis.
- Læremiddel er gratis etter tilsvarande retningslinjer som for elevar (gjeld alle frå hausten 2009).
- Realkompetansevurdering er gratis for vaksne med rett.
- Du kan søkje Statens lånekasse for utdanning om støtte.
|
|
|
|
Du vil og finne meir informasjon om vaksenopplæring og utdanningsløp på desse nettsidene:
|