Newton-rom ved Firda vgs
Newton-rommet på Firda vidaregåande skule vart opna onsdag 2. mars 2011. Dette er det første Newton-rommet i Sogn og Fjordane, og det skal stimulere elevane si interesse for naturvitskaplege tema og fagområde.

Eit Newton-rom er tilrettelagt for aktivitetsbasert læring. Målet er at elevar i både grunnskule og vidaregåande skule gjennom deltaking og eigne erfaringar skal utvikle interesse for og kunnskap om dei naturvitskaplege faga. Undervisninga i Newton-rommet vert lagt opp som heildagsopplegg, der elevane skal halde på med øvingar, eksperiment og spørsmål ein heil dag. Det vil i starten være fokusk på eitt hovudtema, energi og klima, men det kan etter kvart utvidast med fleire tema.

Dei to modulane vi for tida tilbyr, er «Energi frå fornybare energikjelder» for U-skular, og «Energiframtida» for Vg1, vidaregåande skular. Påmelding kan gjerast her:

Påmelding til Newton-rommet

Konseptet Newtom-rom er utvikla av FIRST Scandinavia i samarbeid med ressurspersonar i skule og næringsliv. FIRST Scandinavia er ei ideell stifting som har som føremål å stimulere barn si interesse for naturvitskap.

Det er ein målsetnad at Newton-rommet skal verte eit kompetansesenter for realfag i Nordfjord-regionen, og at det skal utviklast eit tettare samarbeid mellom skule og næringsliv. Også grunnskulane og dei andre vidaregåande skulane i Nordfjord skal nytte rommet i undervisninga. 

Sogn og Fjordane Energi og Vestavind Kraft har vore med å sponse innkjøp av utstyr til rommet. Desse to har også saman med Gloppen Kommune, Nordfjord Folkemuseum og Brødrene Aa, inngått ein partnarskapsavtale med Firda.

Kontaktpersonar:

Newtonlærar:  Marit Rygg, marit.rygg@sfj.no, tlf. 57 82 53 20 / Mob: 99 43 95 70
Prosjektleiar:  Ove Eide, ove.eide@sfj.no, tlf. 57 82 53 36 / Mob: 41 53 06 33

Newton_undervisning



Newton_liten
Skrivarvenleg side


Tilbake
Copyright © Firda VGS

Firdalogo